Kommuneplanen sin samfunnsdel

Kommunestyret vedtok 19.11.20 å leggje utkast til ny samfunnsdel på høyring. Høyringsfrist er 4.januar.

Alle kommunar skal ha ein kommuneplan. Kommuneplanen er todelt, ein samfunnsdel og ein arealdel. Samfunnsdelen skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for Øystre Slidre-samfunnet som heilheit og kommunen som organisasjon. 

 

Utkast til ny samfunnsdel ligg ute på 1. gongs høyring frå 20.november til 4.januar.

Høyringsutkast kan lesast her (PDF, 823 kB)

 

Sakframlegg med vedlegg finn ein her:
Saksframlegg (PDF, 217 kB)
Alle innspel 2020 (PDF, 2 MB)
Alle innspel - næringstrategimøte (PDF, 250 kB)
Statistikkunderlag - arbeidsdokument (PDF, 2 MB)


Alle dokumenta i saka finn ein her 

Høyringsfråsegn må kome skriftleg og skal sendast til post@oystre-slidre.kommune.no, eller til bygdinvegen 1989, 2490 Heggenes, innan 4. januar. Merk gjerne med "samfunnsdelen". 

Har dykk spørsmål kan ein ta kontakt med Inger Elisabeth Hilstad på tlf: 61 35 25 12 eller inger.elisabeth.hilstad@oystre-slidre.kommune.no