Kunngjering av vedtak - Reguleringsplan for Heggenes sentrum sør, revidert plan.

Kommunestyret vedtok i sak 72/21 den 4.11.2021 reguleringsplan for Heggenes sentrum sør, revidert plan. Planvedtaket kan påklagast. Klagefrist er 3. desember 2021.

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for å etablere ein turveg frå det nye Helsetunet / torget og ned til Heggefjorden og langs Heggefjorden fram til friområdet Furustrand.

Planområdet har ei sørvendt plassering og omfattar det gamle planområdet til reguleringsplan for Heggenes sentrum sør som no blir utvida i sørvest med areal avsett som turdrag i arealdelen til kommuneplanen. Turdraget strekker seg frå det gamle reguleringsplanområdet mot Heggefjorden og langs vassdraget i retning til Furustrand friområdet.

Plandokument

Den juridisk bindande reguleringsplanen består av plankart (PDF, 176 kB) og planføresegner (PDF, 77 kB)

Kommunestyresaka med vedlegg finn du her.

Alle journalførte dokument i saka finn du her.  
 

Om klage og innløysing

Du har to alternativ for å klage på planen. 

Klage må vere skriftleg og grunngitt:

1. Brev til: Øystre Slidre kommune, næring plan og byggesak, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes

2. Epost til: post@oystre-slidre.kommune.no 

Klagefrist er 3. desember 2021.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må setjast fram skriftleg til Øystre Slidre kommune innan -3- år frå denne kunngjeringa.

Kontaktinfo

Kontakt Øystre Slidre kommune
E-post
Telefon 61 35 25 00