Mørke næringsområde. Varsel om oppstart og planprogram til offentleg ettersyn

Med dette varslar vi oppstart og legg planprogram for Mørke næringsområde ut til offentleg ettersyn. Merknadsfristen er 9. august 2019.

Planområdet ligg i Mørke mellom Beitostølen og Skammestein. Målet med planen er å legge til rette for næring/industri nær Beitostølen. Hallar og garasjar, lagerbygg, lagring av utstyr, verkstader, småindustri, base for vaktmestertenester og byggfirma og utsal av varer som reiskap, trelast og ved er døme på aktuell arealbruk. Vi erfarer at det er etterspurnad etter det i området.

Planprogram

Planforslaget er ikkje i samsvar med kommunedelplanen, difor vurderer vi at planprogram er naudsynt.

Planprogrammet skildrar planområdet, inneheld eit førebels utkast til plankart og gir ei oversikt over dei vurderingar som er tenkt utført.

Digitalt kart og dokument i saka

Digitalt kart og plandialog med alle journalførte dokument i saka finn du her. Instruksjon i bruk av kartet finn du her. Alle journalførte dokument finn du også via postjournalen. Formannskapet har teke stilling til oppstart av planarbeidet i sak 60/19

Kommunalt eller privat felt?

Vi har ikkje teke stilling til om dette blir eit privat eller kommunalt felt. Dialogen med grunneigarane og budsjettdrøftingar i kommunen vil avklare det.

Planprosessen

Første steg er dette oppstartvarselet. Så følgjer:

  1. Vurdering av innspel til oppstartvarselet, evt. justering av planforslaget og planprogrammet. Sak til formannskapet.
  2. Vedtak av planprogram. Utlegging av planforslag og konsekvensutgreiing til offentleg ettersyn.
  3. Vurdering av merknader, evt. justering av planforslaget. Sak til formannskapet.
    • Eventuelt nytt offentleg ettersyn og ny behandling i formannskapet dersom justering av planforslaget.
  4. Vedtak av plan i kommunestyret
  5. Kunngjering av plan og klageadgang
    • Eventuell behandling av klage i formannskapet og eventuelt fylkesmannen

Innspel ved oppstart

Du har tre alternativ for å gi innspel til planen. Innspel må vere skriftlege:

  1. Brev til: Øystre Slidre kommune, planavdelinga, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
  2. E-post til: post@oystre-slidre.kommune.no
  3. Bruk «send uttalelse» i plandialog

Merknadsfristen er 9. august 2019.