Reguleringsplan for Aasgarden. Varsel om oppstart.

Plankonsulent Areal+ varslar oppstart av reguleringsplan for Aasgarden, og offentleg ettersyn av planprogram. Området ligg om lag 1 km frå Beitostølen sentrum ved fv. 51 i retning mot Bygdin og grensar mot hytteområdet Markahøvda og Stakkstølie i sør. Merknader skal sendast til Areal+ innan 1. desember 2020.

Målet  med planen er å leggje til rette for nye leilegheiter ovanfor trinn 1 og 2 i Aasgarden. Det er plan om bygg for bevertning og service mot fv. 51. Vidare skal planen innehalde parkering, skiløyper, ny skibru over fv. 51 og turvegar.

Dokument:

1. Oversendingsbrev (PDF, 2 MB)

2. Varslingskart (PDF, 4 MB)

3. Planprogram (PDF, 3 MB)

4. Referat frå oppstartsmøte (PDF, 2 MB) med kommunen

Dokumenta er også å finne på www.arealpluss.no

Digitalt kart med planomriss og plandialog med alle journalførte dokument i saka finn du i valdreskart, her. Instruksjon i bruk av kartet finn du her.

Adressat for merknader: olav.talle@arealpluss.no, ev. pr. post: Storgata 64A, 2609 Lillehammer. Merknadsfrist: 1. desember 2020.