Reguleringsplan for Beitostølen sentrum 201910. Kunngjering av vedtak

Kommunestyret vedtok den 17.12.2020 reguleringsplan for Beitostølen sentrum 201910. Vedtaket kan påklagast. Klagesfristen er 26. januar 2021.

Føremålet med planen var å finne trafikksikre løysingar for køyrande/ mjuke trafikantar og parkering, handtere overvatn og å få eit meir estetisk og tiltalande sentrum.

Planområdet er ei sørvendt liside med nær tilknytning til Beitostølen skisenter med sentrumsrelatert utbygging på båe sider av FV 51. 

Klikk for stort biletePlandokument

Den juridisk bindande reguleringsplan består av plankart (PDF, 715 kB) og planføresegner (PDF, 138 kB).

Kommunestyresaka med vedlegg finn du her.

Alle journalførte dokument finn du også via arkivsak

Om klage og innløysing

Du har to alternativ for å klage på planen. Klage må vere skriftleg og grunngitt:

1. Brev til: Øystre Slidre kommune, planavdelinga, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes

2. Epost til: post@oystre-slidre.kommune.no 

Klagefrist er 26. januar 2021.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må setjast fram skriftleg til Øystre Slidre kommune innan -3- år frå denne kunngjeringa.