Reguleringsplan for Beitøstølen sentrum

Reguleringsplan for Beitostølen sentrum 201910 er med dette lagt ut til offentleg ettersyn. Merknadsfristen er 30. oktober 2020. 

Planforslag er utarbeidd av Areal + på vegne av Beitostølen Invest AS. Planen er ein reguleringsendring av planen for Beitostølen sentrum del 1. Formålet med planen er å finne trafikksikre løysingar for mjuke trafikantar, køyrande/parkeringsareal og få eit meir estetisk og tiltalande sentrum. 

Planområde

Klikk for stort bilete

 

Forslag til juridisk bindande plan:

  1. Plankart med teikneforklaring (PDF, 716 kB)
  2. Føresegner  (PDF, 84 kB)

Utgreiingar og grunnlagsdokument for planendringa

  1. Planskildring utarbeidd av planfremjar (PDF, 84 kB)
  2. ROS-analyse (PDF, 2 MB)

Heile sak 71/20 i formannskap med vedlegg. Alle journalførte dokument i arkivsak finn du via postjournalen.

Digitalt kart og alle journalførte dokumenter i saka finn du her. Instruksjon i bruk av kart finn du her.

Planprosessen

Oppstartsvarsel og fyrste behandling i formannskapet er gjennomført. Med dette er planen lagt ut til offentleg ettersyn. Så fylgjer:

  1. Vurdering av merknader, ev. justering av planforslaget. Sak til formannskapet. 
  2. Ev. nytt offentleg ettersyn og ny behandling i formannskapet dersom justering av planforslaget.
  3. Vedtak av plan i kommunestyret
  4. Kunngjering av plan og klageadgang
  5. Ev. behandling av klage i formannskapet og ev. fylkesmannen

Innspel

Du har to alternativ for å gi innspel til planen. Innspel må vere skriftlege:

  1. Brev til Øystre-Slidre kommune, planavdelinga, Bygdinvegen 1989. 2940 Heggenes
  2. E-post til post@oystre-slidre.kommune.no

Merknadsfrist er 30.oktober 2020.