Reguleringsplan for Finntøpplie. Utlegging til offentleg ettersyn

Detaljreguleringsplan for Finntøpplie er med dette lagt ut til offentleg ettersyn. Merknadsfristen er 29. januar 2021.

Planforslag er utarbeidd av Areal+ på vegne av Tinde Hytter AS, Markahøvda AS og Snehvit Invest AS. Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for skiløyper og betre fotgjengarmiljø. Vidare blir det lagt opp til utbygging av hytter/leilegheiter. Planområdet omfamnar området vist på kartutsnittet.

 

Klikk for stort bilete 

Forslag til juridisk bindande plan:

1. Plankart (PDF, 1020 kB) 

2. Føresegner (PDF, 261 kB)

 

Utgreiingar og grunnalgsdokument for planforslaget

1. Planskildring (PDF, 16 MB) utarbeidd av planfremjar

2. ROS-analyse (PDF, 2 MB)

3. Rapport myrdybder (PDF, 2 MB)

4. Rapport planlagt bekkeomlegging (PDF, 9 MB)

Heile sak 97/20 i formannskapet med vedlegg. 

 

Digital plandialog

Digitalt kart og alle journalførte dokument i saka finn du her. Instruksjon i bruk av kartet finn du her. Alle journalførte dokument i arkivsak fin du via postjournalen.

 

Planprosessen

Oppstartsvarsel og fyrste behandling i formannskapet og utlegging til offentleg ettersyn er gjennomført. Så fylgjer:

1. Vurdering av merknader, ev. jusyering av planforslaget. Sak i formannskapet.

2. Ev. nytt offentleg ettersyn og ny behandling i formannskapet dersom justering av planforslaget.

3. Vedtak av plan i kommunestyret

4. Kunngjering av plan og klageadgang

5. Ev. behandling av klage i formannskapet og ev. fylkesmannen

 

Innspel

Du har tre alternativ for å gi innspel til planen. Innspel må vere skriftlege:

1. Brev til Øystre-Slidre kommune, næring plan og byggesak, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes

2. E-post til post@oystre-slidre.kommune.no

3. Bruk "send uttalelse" i webkartet / plandialog

Merknadsfrist er 29. januar 2021.

 

Pga. situasjon med Covid19 vil det ikkje bli arrangert ope møte der folk blir samla i samband med denne saka. Men det vil bli arrangert eit møte på nett der ein kan melde seg på og få ein orientering om møtet og moglegheit til å stille spørsmål. Møtet vil bli på Teams. Send ein e-

post til gunnar.amundsen@oystre-slidre.kommune.no for å melde deg på. Du vil då få ein link som du går inn på før møtet byrjar.

Møtet vil bli 15.01.2021 kl. 10.00 til 12.00.