Reguleringsplan for frigiving av kulturminna på Raubrøtmoen. Kunngjering av vedtak

Kommunestyret vedtok den 29.08.2019 reguleringsplan for for frigiving av kulturminna på Raubrøtmoen industriområde. Vedtaket kan påklagast. Klagefristen er 24. september 2019.

Raubrøtmoen industriområde ligg ved Heggenes. Planen frigir kulturminne og utvider to tomter for næringsareal med 981 m2 og 1694 m2. Områda var regulert til landbruksområde/bevaring av anlegg og inneheld til saman tre kolgroper.

Plandokument

Den juridisk bindande reguleringsplanen består av plankart (PDF, 264 kB) og planføresegner (PDF, 37 kB).

Kommunestyresaka saka med vedlegg finn du her.

Digitalt kart og plandialog med alle journalførte dokument finn du her. Instruksjon i bruk av digitalt kart finn du her. Alle journalførte dokument finn du også via arkivsaka.

Om klage og innløysing

Du har tre alternativ for å klage på planen. Klage må vere skriftleg og grunngitt:

  1. Brev til: Øystre Slidre kommune, planavdelinga, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
  2. E-post til: post@oystre-slidre.kommune.no
  3. Bruk «send klage» i webkartet/plandialog

Klagefristen er 24. september 2019.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må setjast fram skriftleg til Øystre Slidre kommune innan -3- år frå denne kunngjeringa.