Reguleringsplan for gangveg til skistadion. Kunngjering av vedtak

Kommunestyret vedtok den 31.01.2019 reguleringsplan for gangveg til skistadion. Vedtaket kan påklagast. Klagefristen er 28. februar 2019.

Føremålet med planen er å legge til rette for gangveg frå fv51 til skistadion på Beitostølen.  Planen legg også til rette for utbetring av eksisterande køyreveg og skiløype langs vegen.

Plandokument

Den juridisk bindande reguleringsplanen består av plankart og planføresegner.

Andre sentrale plandokument er:

  • Kommunestyresaka. Heile saka med vedlegg finn du her.
  • Planskildring, med nærare skildring av planområdet med gjeldande planar og vedtak, skildring av planen, referat og vurdering av innspel som har kome inn, konsekvensar av planen og alternative løysingar

Digitalt kart og plandialog med alle journalførte dokument finn du her. Instruksjon i bruk av digitalt kart finn du her. Alle journalførte dokument finn du også via arkivsaka.

Om klage og innløysing

Du har tre alternativ for å klage på planen. Klage må vere skriftleg og grunngitt:

  1. Brev til: Øystre Slidre kommune, planavdelinga, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
  2. E-post til: post@oystre-slidre.kommune.no
  3. Bruk «send klage» i webkartet/plandialog

Klagefristen er 28. februar 2019.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må setjast fram skriftleg til Øystre Slidre kommune innan -3- år frå denne kunngjeringa.