Reguleringsplan for gangveg til skistadion til offentleg ettersyn

Forslag til reguleringsplan for gangveg til skistadion er lagt ut til offentleg ettersyn. Merknadsfristen er 21. desember 2018.

Føremålet med planen er å legge til rette for gangveg frå fv51 til skistadion på Beitostølen. Det vil først og fremst gi betre trafikkavvikling for gåande og køyrety i samband med arrangement. Planen skal også legge til rette for utbetring av eksisterande køyreveg og skiløype langs vegen.

Dei foreslåtte juridisk bindande dokumenta er reguleringsplankartet og reguleringsføresegnene.

Andre sentrale dokument i saka er:

  • Formannskapssaka
  • Planskildring, med oversiktskart, nærare skildring av planområdet med gjeldande planar og vedtak, skildring av planen, vurdering av innspel som har kome inn, konsekvensar av planen og alternative løysingar
  • Analyserapport mot temadata i DOK
  • ROS-analyse

Digitalt kart og alle journalførte dokument finst via webkart/ plandialog. Alle journalførte dokument finn du også via arkivsaka.

Etter offentleg ettersyn skal planen behandlast i formannskapet, som anten endrar planen og legg han ut til nytt offentleg ettersyn eller legg planen fram for kommunestyret for vedtak.

 

Innspel til planforslaget

Du har tre alternativ for å gi innspel til planen. Innspel må vere skriftlege:

  1. Brev til: Øystre Slidre kommune, plan, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
  2. E-post til: post@oystre-slidre.kommune.no
  3. Bruk «send uttalelse» i webkartet/plandialog

Merknadsfristen er 21. desember 2018.