Reguleringsplan for Harakroken 7 og 12 til offentleg ettersyn

Forslag til reguleringsplan for Harakroken 7 og 12 er lagt ut til offentleg ettersyn. Merknadsfristen er 25. mars 2019.

Planområdet er to bebygde hytteeigedomar mellom Lomtjednet og Finntøppvegen på Beitostølen. Føremålet med planen er å legge til rette for frådeling av ei hyttetomt og utvikle eigedomane i samsvar med omkringliggande område.

Vedtaket om utlegging til offentleg ettersyn vart gjort i sak 20/19 i formannskapet. Plankartet og føresegnene er dei foreslåtte juridisk bindande dokumenta. Planskildringa er ei skildring av planendringa med vurdering av konsekvensar. Også merknadene i saka er refererte og vurderte i planskildringa.

Alle journalførte dokument i saka finn du her.

Digitalt kart og plandialog finn du her. Rettleiing i bruk av det digitale kartet finn du her.

Etter offentleg ettersyn skal planen behandlast i formannskapet, som anten endrar planen og legg han ut til nytt offentleg ettersyn eller legg planen fram for kommunestyret for vedtak.

 

Innspel til planforslaget

Du har tre alternativ for å gi innspel til planen. Innspel må vere skriftlege:

  1. Brev til: Øystre Slidre kommune, plan, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
  2. E-post til: post@oystre-slidre.kommune.no
  3. Bruk «send uttalelse» i webkartet/plandialog

Merknadsfristen er 25. mars 2019.