Reguleringsplan for Heggenes sentrum sør. Revidert plan. Utlegging til offentlig ettersyn

Forslag til reguleringsplan for Heggenes sentrum sør, revidert plan er med dette lagt ut til offentleg ettersyn. Merknadsfrist er 5. august 2021.

Målet med planen er å legge til rette for å etablere ein turveg frå det nye Helsetunet / torget og ned til Heggefjorden og langs Heggefjorden og fram til friområdet Furustrand. I tillegg er det innarbeidd to dispensasjonar som er gitt tidlegare innanfor gjeldande planområde for Heggenes sentrum sør.

Plankartet (PDF, 167 kB)og føresegnene (DOCX, 44 kB)er dei foreslåtte juridisk bindande dokumenta. Planskildringa  (DOCX, 5 MB)er ei skildring av planen og området med vurdering av konsekvensar. Merknadene i saka etter oppstart er refererte og vurderte i eignet dokument.

Alle journalførte dokument i saka finn du her.

Digitalt kart finn du her. Rettleing til bruk av kartverktøy finn du her

Etter offentleg ettersyn skal planen behandlast i formannskapet, som anten endrar planen og legg han ut til nytt offentleg ettersyn eller legg planen fram for kommunestyret for vedtak.

Innspel/merknader til planforslaget

Du har to alternativ for å gi innspel til planen. Alle innspel må vere skriftlege:

1. Brev til: Øystre Slidre kommune, plan, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes

2. E-post til: post@oystre-slidre.kommune.no 

Merknadsfristen er 5. august 2021.