Planområdet
Planområdet omfatter gjeldande reguleringsplanområde for Heggenes sentrum sør og eit utvida område.
Målet med planarbeidet
Målet med planarbeidet er å legge til rette for å etablere ein turveg frå det nye Helsetunet / torget og ned til Heggefjorden og langs Heggefjorden fram til friområdet Furustrand. Dette er i samsvar med arealdelen av kommuneplanen. Planavgrensing går utover gjeldande reguleringsplan. Det vart tidlegare gitt to dispensasjonar som også skal innarbeidast i planen.
Plankart forslag (PDF, 144 kB)
Planføresegner forslag (PDF, 58 kB)
Planskildring (PDF, 4 MB)
DOK-analyse_temadata (PDF, 2 MB)
Digitalt plankart og plandialog finn du i Valdreskart. Instruksjon i bruk av kartet finn du her.
Ta kontakt med kommunen for innsyn i alle journalførte dokument.
Vidare prosess
1. Vurdering av innspel til oppstartsvarsel og ev. justering av planforslaget.
Sak til formannskapet
2. Utlegging av planforslag til offentleg ettersyn
3. Vurdering av innspel til offentleg ettersyn og ev. justering av planforslag.
- Eventuelt nytt offentleg ettersyn og ny behandling i formannskapet dersom justering planforslaget.
4. Vedtak av plan i kommunestyret
5. Kunngjering av plan og klageadgang
- Eventuell behandling av klage i formannskapet og eventuelt fylkesmannen
Innspel
Du har tre alternativ til å gje innspel til planen. Innspel må vera skriftlege.
1. Brev til: Øystre Slidre kommune, næring plan og byggesak, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
2. E-post til: post@oystre-slidre.kommune.no
3. Bruk "send uttalelse" i plandialog.
Merknadsfrist: 16. februar 2021