Reguleringsplan for Heranglie bustadområde til offentleg ettersyn

190121 Heranglie - Klikk for stort bilete Forslag til reguleringsplan for Heranglie bustadområde er lagt ut til offentleg ettersyn. Merknadsfristen er 4. mars 2019.

Føremålet med planen er å legge til rette for bustadområde inntil Heggenes. Området ligg ved Haughøvdhøvda mellom Heggenes og Tingvang. Planforslaget legg til rette for 31 einebustadtomter og to større område for leiligheitsbygg.

Plankartet (PDF, 785 kB) og føresegnene (PDF, 57 kB) er dei foreslåtte juridisk bindande dokumenta. Planskildringa (PDF, 7 MB) er ei skildring av planen og området med vurdering av konsekvensar. Også merknadene i saka er refererte og vurderte i planskildringa.

Alle journalførte dokument i saka finn du her.

Digitalt kart og plandialog finn du her.

Etter offentleg ettersyn skal planen behandlast i formannskapet, som anten endrar planen og legg han ut til nytt offentleg ettersyn eller legg planen fram for kommunestyret for vedtak.

 

Innspel til planforslaget

Du har tre alternativ for å gi innspel til planen. Innspel må vere skriftlege:

  1. Brev til: Øystre Slidre kommune, plan, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
  2. E-post til: post@oystre-slidre.kommune.no
  3. Bruk «send uttalelse» i webkartet/plandialog

Merknadsfristen er 4. mars 2019.