Reguleringsplan for Mørke næringsområde til offentleg ettersyn

Forslag til reguleringsplan for Mørke næringsområde er med dette lagt ut til offentleg ettersyn. Merknadsfristen er 13. mars 2020.

Planområdet ligg i Mørke mellom Beitostølen og Skammestein. Målet med planen er å legge til rette for næring/industri nær Beitostølen. Hallar og garasjar, lagerbygg, lagring av utstyr, verkstader, småindustri, base for vaktmestertenester og byggfirma og utsal av varer som reiskap, trelast og ved er døme på aktuell arealbruk. Vi erfarer at det er etterspurnad etter det i området.

Forslag til juridisk bindande plan:

  1. Plankart
  2. Føresegner

Utgreiingar og grunnlagsdokument for planendringa

  1. Planprogram og KU
  2. ROS-analyse

Sak 04/20 i formannskapet med vedlegg. Alle journalførte dokument i arkivsaka finn du via postjournalen.

Digitalt kart og dokument i saka

Digitalt kart og alle journalførte dokument i saka finn du her. Instruksjon i bruk av kartet finn du her.

Planprosessen

Oppstartvarsel og første behandling i formannskapet er gjennomført. Med dette er planen lagt ut til offentleg ettersyn. Så følgjer:

  1. Vurdering av merknader, evt. justering av planforslaget. Sak til formannskapet.
    • Eventuelt nytt offentleg ettersyn og ny behandling i formannskapet dersom justering av planforslaget.
  2. Vedtak av plan i kommunestyret
  3. Kunngjering av plan og klageadgang
    • Eventuell behandling av klage i formannskapet og eventuelt fylkesmannen

Innspel

Du har tre alternativ for å gi innspel til planen. Innspel må vere skriftlege:

  1. Brev til: Øystre Slidre kommune, planavdelinga, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
  2. E-post til: post@oystre-slidre.kommune.no
  3. Bruk «send uttalelse» i plandialog

 

Merknadsfristen er 13. mars 2020.