Reguleringsplan for Raubrøtmoen industriområde II til offentleg ettersyn

Forslag til reguleringsplan for Raubrøtmoen industriområde II er med dette lagt ut til offentleg ettersyn. Oppheving av eksisterande reguleringsplan for Raubrøtmoen industriområde, vedteke den 11.03.1999, er også lagt ut til offentleg ettersyn. Merknadsfristen er 13. mars 2020.

Planområdet er eit eksisterande industri- og skogområde langs Robølsvegen på sørsida av Vinda ved Heggenes. Gjeldande planer er reguleringsplanen vedteke den 11.03.1999 og arealdelen til kommuneplanen.

Føremål

Føremåla med planen er:

  1. Legge til rette for to nye tomter til industri/næring i samsvar med arealdelen til kommuneplanen
  2. Sikre ferdsle langs Vinda

Forslag til juridisk bindande plan:

  1. Plankart
  2. Føresegner

Utgreiingar og grunnlagsdokument for planendringa

  1. Planskildring
  2. ROS-analyse

Sak 03/20 i formannskapet med vedlegg. Alle journalførte dokument i arkivsaka finn du via postjournalen.

Digitalt kart og dokument i saka

Digitalt kart og alle journalførte dokument i saka finn du her. Instruksjon i bruk av kartet finn du her

Planprosessen

Oppstartvarsel og første behandling i formannskapet er gjennomført. Med dette er planen lagt ut til offentleg ettersyn. Så følgjer:

  1. Vurdering av merknader, evt. justering av planforslaget. Sak til formannskapet.
    • Eventuelt nytt offentleg ettersyn og ny behandling i formannskapet dersom justering av planforslaget.
  2. Vedtak av plan i kommunestyret
  3. Kunngjering av plan og klageadgang
    • Eventuell behandling av klage i formannskapet og eventuelt fylkesmannen

Innspel

Du har tre alternativ for å gi innspel til planen. Innspel må vere skriftlege:

  1. Brev til: Øystre Slidre kommune, planavdelinga, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
  2. E-post til: post@oystre-slidre.kommune.no
  3. Bruk «send uttalelse» i plandialog

 

Merknadsfristen er 13. mars 2020.