Reguleringsplan for Raubrøtmoen industriområde II. Varsel om oppstart av planarbeid

Øystre Slidre kommune varslar med dette oppstart av reguleringsplan for Raubrøtmoen industriområde II. Vi varslar også at eksisterande reguleringsplan for Raubrøtmoen industriområde, vedteke den 11.03.1999, vil bli oppheva. Merknadsfristen er 8. august 2019.

Planområdet er eit eksisterande industri- og skogområde langs Robølsvegen på sørsida av Vinda ved Heggenes. Gjeldande planer er reguleringsplanen vedteke den 11.03.1999 og arealdelen til kommuneplanen.

Det er også ein plan i prosess innan planområdet, «reguleringsplan for frigiving av kulturminna på Raubrøtmoen». Tanken er at den skal innlemmast i ein ny større plan

Føremål

Føremåla med planen er:

  1. Legge til rette for to nye tomter til industri/næring i samsvar med arealdelen til kommuneplanen
  2. Kome fram til ei løysing når det gjeld ferdsle langs Vinda

Digitalt kart og dokument i saka

Digitalt kart og alle journalførte dokument i saka finn du her. Instruksjon i bruk av kartet finn du her. Alle journalførte dokument finn du også via postjournalen.

Planprosessen

Første steg er dette oppstartvarselet. Så følgjer:

  1. Vurdere innspel til oppstartvarselet. Lage planforslag med planskildring og ROS-analyse. Sak til formannskapet
  2. Utlegging av planforslag til offentleg ettersyn
  3. Vurdering av merknader, evt. justering av planforslaget. Sak til formannskapet.
    • Eventuelt nytt offentleg ettersyn og ny behandling i formannskapet dersom justering av planforslaget.
  4. Vedtak av plan i kommunestyret
  5. Kunngjering av plan og klageadgang
    • Eventuell behandling av klage i formannskapet og eventuelt fylkesmannen

Innspel ved oppstart

Du har tre alternativ for å gi innspel til planen. Innspel må vere skriftlege:

  1. Brev til: Øystre Slidre kommune, planavdelinga, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
  2. E-post til: post@oystre-slidre.kommune.no
  3. Bruk «send uttalelse» i plandialog

 

Merknadsfristen er 08.08.2019.