Reguleringsplan for Solhauglie III til offentleg ettersyn

Reguleringsplan for Solhauglie III er med dette lagt ut til offentleg ettersyn. Merknadsfristen er 21. oktober 2019.

Føremålet med planen er å leggje til rette for bygging av leiligheiter. Det er fortsatt mange ledige einebustadtomter i «Solhauglie II», men vi ser at det er mangel på leiligheiter i Rogne.

Området ligg i Rogne mellom eksisterande bustader i Solhauglie II og fv. 51, på område "BR-28-15" i arealdelen til kommuneplanen. Eksisterande reguleringsplan for Solhauglie I inngår i det nye planforslaget-

Forslag til juridisk bindande plan:

  1. Plankart (PDF, 811 kB)
  2. Føresegner

Utgreiingar og grunnlagsdokument for planendringa

  1. Planskildring
  2. ROS-analyse
  3. Analyserapport mot temadata i dok

Heile sak 83/19 i formannskapet med vedlegg

Digital plandialog

Digitalt kart og alle journalførte dokument i saka finn du her. Instruksjon i bruk av kartet finn du her. Dokumenta finn du også via postjournalen.

Planprosessen

Oppstartvarsel og første behandling i formannskapet og utlegging til offentleg ettersyn er gjennomført. Så følgjer:

  1. Vurdering av merknader, evt. justering av planforslaget. Sak til formannskapet.
    • Eventuelt nytt offentleg ettersyn og ny behandling i formannskapet dersom justering av planforslaget.
  2. Vedtak av plan i kommunestyret
  3. Kunngjering av plan og klageadgang
    • Eventuell behandling av klage i formannskapet og eventuelt fylkesmannen

Innspel

Du har tre alternativ for å gi innspel til planen. Innspel må vere skriftlege:

  1. Brev til: Øystre Slidre kommune, planavdelinga, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
  2. E-post til: post@oystre-slidre.kommune.no
  3. Bruk «send uttalelse» i plandialog

Merknadsfristen er 21. oktober 2019.