Reguleringsplan for veg til Grytebekkosen. Kunngjering av vedtak

Kommunestyret vedtok den 29.08.2019 reguleringsplan for "veg til Grytebekkosen del II". Vedtaket kan påklagast. Klagefristen er 18. november 2019.

Føremålet med planen er å fullføre bygging av veg til 7 eksisterande hytter ved Grytebekkosen ved Øyangen i Rogne. Reguleringsplanen omfattar også sju eksisterande bebygde hytte-eigedomar og skal avklare arealbruken der.

 

Plandokument

Den juridisk bindande reguleringsplanen består av plankart (PDF, 668 kB) og planføresegner (PDF, 79 kB).

Kommunestyresaka saka med vedlegg finn du her.

Digitalt kart og plandialog med alle journalførte dokument finn du her. Instruksjon i bruk av digitalt kart finn du her. Alle journalførte dokument finn du også via arkivsaka.

Om klage og innløysing

Du har tre alternativ for å klage på planen. Klage må vere skriftleg og grunngitt:

  1. Brev til: Øystre Slidre kommune, planavdelinga, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
  2. E-post til: post@oystre-slidre.kommune.no
  3. Bruk «send klage» i webkartet/plandialog

Klagefristen er 18. november 2019.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må setjast fram skriftleg til Øystre Slidre kommune innan -3- år frå denne kunngjeringa.