Reguleringsplan for veg til Grytebekkosen til offentleg ettersyn

Reguleringsplan for "veg til Grytebekkosen. del II" er med dette lagt ut til offentleg ettersyn. Merknadsfristen er 2. september 2019.

Føremålet med planen er å fullføre bygging av veg til 7 eksisterande hytter ved Grytebekkosen ved Øyangen i Rogne. Også tre andre eksisterande hytteeigedomar vil få kortare gangtilkomst og ha nytte av vegen. Reguleringsplanen omfattar også sju eksisterande bebygde hytte-eigedomar og skal avklare arealbruken der.

Planen er oppfølging av reguleringsplanen «Reguleringsplan for veg mot Grytebekkosen» vedteke i kommunestyret den 30.11.2017. Det er bygd 850 m veg mot hyttene i medhald av den reguleringsplanen. I utgangspunktet var det intensjonen å regulere veg heilt fram til hyttene, men siste delen vart teke ut grunna grunneigarmotstand. No har jordskifteretten i dom fastslått at hytteeigarane har vegrett heilt fram til hyttene. Intensjonen med denne planen er å legge til rette for veg etter plan- og bygningslova. Planen vil legge til rette for om lag 365 m veg fram til hyttene og til saman om lag 275 m intern veg i hytteområdet.

Forslag til juridisk bindande plan:

  1. Plankart
  2. Føresegner

Utgreiingar og grunnlagsdokument for planendringa

  1. Planskildring og KU
  2. Analyserapport mot temadata i dok
  3. Lengdeprofil veg (PDF, 2 MB)
  4. ROS-analyse (PDF, 902 kB)
  5. Grunnlag for kryssing mellom veg og bekk (PDF, 958 kB)

Heile sak 67/19 i formannskapet med vedlegg

Digital plandialog

Digitalt kart og alle journalførte dokument i saka finn du her. Instruksjon i bruk av kartet finn du her. Dokumenta finn du også via postjournalen.

Planprosessen

Oppstartvarsel og første behandling i formannskapet og utlegging til offentleg ettersyn er gjennomført. Så følgjer:

  1. Vurdering av merknader, evt. justering av planforslaget. Sak til formannskapet.
    • Eventuelt nytt offentleg ettersyn og ny behandling i formannskapet dersom justering av planforslaget.
  2. Vedtak av plan i kommunestyret
  3. Kunngjering av plan og klageadgang
    • Eventuell behandling av klage i formannskapet og eventuelt fylkesmannen

Innspel

Du har tre alternativ for å gi innspel til planen. Innspel må vere skriftlege:

  1. Brev til: Øystre Slidre kommune, planavdelinga, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
  2. E-post til: post@oystre-slidre.kommune.no
  3. Bruk «send uttalelse» i plandialog

Merknadsfristen er 2. september 2019.