Reguleringsplan for veg til Grytebekkosen. Varsel om oppstart av planarbeid

Med dette varslar vi oppstart av reguleringsplan for veg til Grytebekkosen, del II. Merknadsfristen er 31. mai 2019.

Føremålet med planen er å fullføre bygging av veg til 7 eksisterande hytter ved Grytebekkosen ved Øyangen i Rogne. Også tre andre eksisterande hytteeigedomar vil få kortare gangtilkomst og ha nytte av vegen. Reguleringsplanen omfattar også sju eksisterande bebygde hytte-eigedomar og skal avklare arealbruken der.

Planen er oppfølging av reguleringsplanen «Reguleringsplan for veg mot Grytebekkosen» vedteke i kommunestyret den 30.11.2017. Det er bygd 850 m veg mot hyttene i medhald av den reguleringsplanen. I utgangspunktet var det intensjonen å regulere veg heilt fram til hyttene, men siste delen vart teke ut grunna grunneigarmotstand. No har jordskifteretten i dom fastslått at hytteeigarane har vegrett heilt fram til hyttene. Intensjonen med denne planen er å legge til rette for veg etter plan- og bygningslova. Planen vil legge til rette for om lag 365 m veg fram til hyttene og til saman om lag 275 m intern veg i hytteområdet.

Planprogram og konsekvensutgreiing?

Planforslaget er ikkje i samsvar med arealdelen til kommuneplanen, då området der vegen er foreslått er avsett til LNFR. Det vart utarbeidd planprogram og konsekvensutgreiing under førre reguleringsplanprosess. Det prinsipielle spørsmålet om veg i urørt område fram til hyttene eller ikkje vart avklara der. Analyserapporten mot temadata i DOK (Det Offentlege Kartgrunnlaget) viser kun treff mot flaumsoner og INON (Inngrepsfrie Naturområder i Norge). INON-området fell bort som følge av at første del av vegen er bygd. Flaumsoner er utgreidd i dokumentet som omhandlar kryssingspunktet mellom elv og bekk. Vi finn det ikkje føremålstenleg med planprogram og konsekvensutgreiing ut over det for denne planen.

Plandokument

Ved oppstartvarsel er det vanleg å berre angi planområdet og føremålet med planen og be om innspel til det. I dette tilfellet har vi laga eit konkret utkast til plan, med plankart og føresegner og grunnlagsdokument. Forslag til veg er også prosjektert av tiltakshavar.

Dokumenta som kan bli den juridisk bindande planen:

Grunnlagsdokument:

Visualisering / forklaring:

Digitalt kart og alle journalførte dokument i saka finn du her. Instruksjon i bruk av kartet finn du her. Alle journalførte dokument finn du også via postjournalen.

Planprosessen

Første steg er dette oppstartvarselet. Så følgjer:

  1. Vurdering av innspel til oppstartvarselet, evt. justering av planforslaget. Sak til formannskapet
  2. Utlegging av planforslag til offentleg ettersyn
  3. Vurdering av merknader, evt. justering av planforslaget. Sak til formannskapet.
    • Eventuelt nytt offentleg ettersyn og ny behandling i formannskapet dersom justering av planforslaget.
  4. Vedtak av plan i kommunestyret
  5. Kunngjering av plan og klageadgang
    • Eventuell behandling av klage i formannskapet og eventuelt fylkesmannen

Innspel ved oppstart

Du har tre alternativ for å gi innspel til planen. Innspel må vere skriftlege:

  1. Brev til: Øystre Slidre kommune, planavdelinga, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
  2. E-post til: post@oystre-slidre.kommune.no
  3. Bruk «send uttalelse» i plandialog

Merknadsfristen er 31. mai 2019.