Reguleringsplan i Melbisbrøtin til offentleg ettersyn

Forslag til reguleringsplan for Gamlevegen 103 i Melbisbrøtin er lagt ut til offentleg ettersyn. Merknadsfristen er 4. mars 2019.

Føremålet med planen er å legge til rette for leiligheitsbygg for inntil åtte bustadeiningar. Saka der formannskapet vedtok å legge planen ut til offentleg ettersyn finn du her. Det er vedlegga plankart og føresegner som er dei foreslåtte juridisk bindande dokumenta.

Alle journalførte dokument i saka finn du her.

Digitalt kart og plandialog finn du her.

Etter offentleg ettersyn skal planen behandlast i formannskapet, som anten endrar planen og legg han ut til nytt offentleg ettersyn eller legg planen fram for kommunestyret for vedtak.

 

Innspel til planforslaget

Du har tre alternativ for å gi innspel til planen. Innspel må vere skriftlege:

  1. Brev til: Øystre Slidre kommune, plan, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
  2. E-post til: post@oystre-slidre.kommune.no
  3. Bruk «send uttalelse» i webkartet/plandialog

Merknadsfristen er 4. mars 2019.