Sygnemyre næringsområde. Varsel om oppstart av planarbeid

Øystre Slidre kommune varslar med dette oppstart av reguleringsplan for Sygnemyre næringsområde. Merknadsfristen er 6. mars 2020.

Planområdet ligg på nordsida av Vinda ved Heggenes. Målet med planen er å legge til rette for næring/industri nær kommunesenteret og eksisterande næringsområde på Raubrøtmoen. Hallar og garasjar, lagerbygg, lagring av utstyr, verkstader og småindustri og utsal er døme på aktuell arealbruk.

Digitalt kart og dokument i saka

Sjå oversendingsbrevet ved varsel om oppstart med utkast til plankart i pdf.. Digitalt kart og plandialog med alle journalførte dokument i saka finn du her. Instruksjon i bruk av kartet finn du her. Alle journalførte dokument finn du også via postjournalen

Kommunalt eller privat felt?

Vi har ikkje teke stilling til om dette blir eit privat eller kommunalt felt. Dialogen med grunneigarane og budsjettdrøftingar i kommunen vil avklare det.

Planprosessen

Første steg er dette oppstartvarselet. Så følgjer:

  1. Vurdering av innspel til oppstartvarselet, evt. justering av planforslaget. Sak til formannskapet.
  2. Utlegging av planforslag til offentleg ettersyn.
  3. Vurdering av merknader, evt. justering av planforslaget. Sak til formannskapet.
    • Eventuelt nytt offentleg ettersyn og ny behandling i formannskapet dersom justering av planforslaget.
  4. Vedtak av plan i kommunestyret
  5. Kunngjering av plan og klageadgang
    • Eventuell behandling av klage i formannskapet og eventuelt fylkesmannen

Innspel ved oppstart

Du har tre alternativ for å gi innspel til planen. Innspel må vere skriftlege:

  1. Brev til: Øystre Slidre kommune, planavdelinga, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
  2. E-post til: post@oystre-slidre.kommune.no
  3. Bruk «send uttalelse» i plandialog

Merknadsfristen er 6. mars 2020.