Varsel om oppstart av reguleringsplan for Solhauglie III

Med dette varslar vi oppstart av reguleringsplan for Solhauglie III i Rogne. Merknadsfristen er 5. juli 2019.

Føremålet med planen er å leggje til rette for bygging av leiligheiter. Det er fortsatt mange ledige einebustadtomter i «Solhauglie II», men vi ser at det er mangel på leiligheiter i Rogne.

Området ligg mellom eksisterande bustader i Solhauglie I og II og fv. 51, på område "BR-28-15" i arealdelen til kommuneplanen.

 

Planavgrensing og utkast til plan

Ved oppstartvarsel er det vanleg å berre angi planområdet og føremålet med planen og be om innspel til det. I dette tilfellet har vi laga eit konkret utkast til plankart.

Plangrensa er i denne omgang sett noko vidare enn det området vi har utarbeidd planforslag for.

I områda L1-L3 "Konsentrert småhusbebyggelse" ser vi føre oss leiligheiter. Områda er til saman 23 daa. Det er bratt, stadvis for bratt (over 1:4). Men vi ser føre oss at der det er eigna for utbygging kan planen opne for bygg i tre etasjar (2 etasjar +underetasje). Med eit sopass stort område vurderer vi at det vil vere mogleg å bygge om lag 6000 m2 BRA, dvs. om lag 60 leiligheiter.

Eksisterande bygg i området utgjer eit flott gardstun av historisk interesse, men bygga er så til nedfalls at dei neppe er verdt å ta vare på. Planutkastet føreset riving. Vegen V1 går over tre av bygga.

Rogne IL ynskjer lysløype i området T1. Arronderinga av T1 i forslaget er tilpassa innspelet vi har fått.

Digitalt kart og dokument i saka

Digitalt kart og alle journalførte dokument i saka finn du her. Instruksjon i bruk av kartet finn du her. Alle journalførte dokument finn du også via postjournalen.

Kommunalt eller privat felt?

Vi har ikkje teke stilling til om dette blir eit privat eller kommunalt felt. Dialogen med grunneigarane og budsjettdrøftingar i kommunen vil avklare det.

Planprosessen

Første steg er dette oppstartvarselet. Så følgjer:

  1. Vurdering av innspel til oppstartvarselet, evt. justering av planforslaget. Sak til formannskapet
  2. Utlegging av planforslag til offentleg ettersyn
  3. Vurdering av merknader, evt. justering av planforslaget. Sak til formannskapet.
    • Eventuelt nytt offentleg ettersyn og ny behandling i formannskapet dersom justering av planforslaget.
  4. Vedtak av plan i kommunestyret
  5. Kunngjering av plan og klageadgang
    • Eventuell behandling av klage i formannskapet og eventuelt fylkesmannen

Innspel ved oppstart

Du har tre alternativ for å gi innspel til planen. Innspel må vere skriftlege:

  1. Brev til: Øystre Slidre kommune, planavdelinga, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
  2. E-post til: post@oystre-slidre.kommune.no
  3. Bruk «send uttalelse» i plandialog

Merknadsfristen er 5. juli 2019.