Varsel om oppstart av reguleringsplan og offentleg ettersyn av planprogram for Liahaugstølen på Beitostølen

Planområdet ligg på øversida av FV51 ca 800 m aust for Beitostølen sentrum og grensar mot Stølslie bustadfelt i sør og eksisterande hyttefelt ovanfor Kiwi-butikken i vest. Møt aust er det LNFR-områder og mot nord grenser planområdet mot fjellgrensa og sperregjerde for beitande husdyr.

Planarbeidet blir utført i samarbeid mellom Taktil Arkitekter AS, Framsyn Fritid AS og Plan Oppmåling Valdres AS. Framsyn Fritid AS er kontaktpunkt for spørsmål og førespurnader. Taktil Arkitekter AS er ansvarleg plankonsulent.

Merknadsfrist er 12. mai 2021

Formålet med planen
Hovudformålet med planarbeidet er (i uprioritert rekkefølgje):

• Etablering av del av ny hovudskiløype frå Beitostølen sentrum til rød 1 med skibru over
  Øvrevegen (Løypetrasé: Bjellbølsstølen – Dalestølen – Øvrevegen – Markavegen – Rød 1)
• Vareta gjennomgåande grøntstrukturar for lokalt friluftsliv
• Etablere område for nærmiljøanlegg (skileik, akebakke)
• Legg om dei øvre delane av eksisterande skiløype frå Kiwi Beitostølen til rød 1, slik at
  stigningshøve blir meir optimale og tilpassa fleire brukargrupper enn i dag
• Legg til rette for utvikling av nye fritidsbustader H1 i kommunedelplanen, og dessutan 
  på LNF område aust for Syvervegen i tilknyting til H1.
• Moderat fortetting av eksisterande hytteområde vest for Syverveg ved å auka
  utnyttingsgrad
• God tilkomst til eksisterande og nya hytter/fritidsbusetnad
• Mogleg endring av tilkomst til eigedommane øvst i Syvervegen
• Mogleg endring av tilkomst for eigedommar langs Markavegen og justering av  
  tomtestorleik som fylgje av mogleg omlegging av veg

Planen skal i hovudsak innehalda arealformåla fritidsbusetnad, veg, teknisk infrastruktur,
landbruk/natur/fritidsområde, skileik/leik/akebakke og turvegar/stiar/skiløype.

Dokument:

1. Varslingsbrev (PDF, 2 MB)

2. Områdeavgrensing (PDF, 2 MB)

3. Planprogram (PDF, 5 MB) 

Alle journalførte dokument finn du her

Digitalt kart med planomriss og plandialog med alle journalførte dokument i saka finn du via valdreskart. Instruksjon i bruk av kartet finn du her.

Innspel / Merknader:

Innspill og merknader til planprogrammet sendast helst i plandialogen på altinn. Alternativt kan det sendast på epost til Framsyn Fritid AS ved Tor Oxhovd tor@stolslie.no eller pr post til Framsyn Fritid AS, Beitovegen 178, 2950 Skammestein.

Alle innspill utenom de i Altinn, sendast med kopi til Øystre Slidre kommune på epost: post@oystreslidre.kommune.no og merkes «planID 202007 Liahaugstølen».

Merknadsfrist er 12. mai 2021.