Byggesakshandsamar/spreidd avløp

Vi søkjer etter ein medarbeidar med ansvar for sakshandsaming av byggesaker og søknader om spreidde avløpsanlegg. Kontroll- og tilsynsoppgåver, i tillegg til utgreiing og prosjektering av mindre VA-anlegg er lagt til stillinga.

Det er ynskjeleg at søkjar er ingeniør eller tilsvarande, men dette er ikkje eit absolutt krav. Det er også ynskeleg med relevant erfaring frå byggesakshandsaming eller frå bygg- og anleggverksemd.

Søkjarar må ha god formuleringsevne munnleg og skriftleg og gode analytiske evner og interesser for fagområdet. Vi søkjer deg som er ansvarsbevisst og initiativrik, og som har ei positiv haldning til tverrfagleg teamarbeid.

Vi kan tilby:

  • utfordrande stilling i ein kommune i stor utvikling
  • godt arbeidsmiljø med positive og dyktige medarbeidarar
  • konkurransedyktig lønn
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • gode lønns- og arbeidsvilkår
  • eit godt sosialt og sterkt tverrfagleg arbeidsmiljø, med faglege utfordringar og gode mogelegheiter for personleg utvikling

Nærare opplysningar ved leiar for næring, plan og byggesak, Kjell Håvard Tuv, tlf. 61 35 25 27. Søknad skal merkast med arkivsak 19/1095.

Søknad skal sendast elektronisk via våre internettsider.

Søknadsfrist: 27. juni 2019