Driftsoperatør

Vi har ledig 100 % fast stilling som driftsoperatør/fagarbeidar. Stillinga er i avdelinga for teknisk drift og inngår i eit team som har ansvar for drift og vedlikehald av kommunale vassverk, avløpsreinseanlegg, vegar og andre kommunaltekniske anlegg.

Vi søkjer etter ein person med relevant utdanning og kompetanse, fortrinnsvis innan VA, som kan utfylle teamet. Personen bør ha grunnleggande forståing av anleggs- og produksjonsteknikk eller realkompetanse i faget.

Driftsoperatøren deltek i den daglege drifta av dei tekniske anlegga og utarbeider og følgjer opp drifts- av vedlikehaldsplaner. Vedkomande tek del i vaktordninga ved dei kommunale vass- og avløpsanlegga. Det vert sett vilkår om førarkort. Det blir gjeve nødvendig opplæring.

Vi kan tilby:

  • utfordrande stilling i ein kommune i stor utvikling
  • godt arbeidsmiljø med positive og dyktige medarbeidarar
  • konkurransedyktig lønn
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • gode lønns- og arbeidsvilkår
  • eit godt sosialt og sterkt tverrfagleg arbeidsmiljø, med faglege utfordringar og gode mogelegheiter for personleg utvikling

Nærare opplysningar ved leiar for teknisk drift, Ellen Petrine Fretheim tlf. 900 11 770. Søknad skal merkast med arkivsak 19/1097.

Søknad skal sendast elektronisk via våre internettsider.

Søknadsfrist: 27. juni 2019