Helgestillingar og tilkallingsvikarar i miljøtenesta

Miljøtenesta har ledig tre helgestillingar på ca 14% stilling, både fast og mellombelse stillingar. Vi treng også fleire tilkallingsvikarar.

Stillingane er i Miljøtenesta, i bustad for menneske med utviklingshemning. Helgestillingane er i turnus med arbeid kvar 3. helg.

Det er ønskjeleg med helsefagarbeidar i stillingane. Også andre med erfaring frå brukegruppa og interesse for målretta miljøarbeid kan søkje, gjerne studentar. Førarkort for klasse B er naudsynt, og det er krav om politiattest ved tilsetjing. Nærare opplysningar ved leiar Astrid Aavok, tlf 97 54 61 69.

 

Søknad merka «arkivsak 19/2112» skal sendast elektronisk via våre internettsider: www.oystre-slidre.kommune.no- ledige stillingar.

 

Søknadsfrist: 20. november 2019