Lærarvikariat ved Lidar skule

Øystre Slidre kommune har ledig 80% lærarvikariat ved Lidar skule skuleåret 2019-20. Ynskjeleg fagkombinasjon er norsk, kunst & handverk og mat & helse.

Vi legg vekt på at dei tilsette kan byggje gode relasjonar både til elevane og foreldra, er tydelege klasseleiarar og brukar digitale verktøy i eiga planlegging og undervisning. Lærarane hos oss tek initiativ og ynskjer å utvikle skulen til det beste for elevane. Vi arbeidar saman i team for å utvikle eit best mogleg arbeidsmiljø. Vi tilbyr våre tilsette vidareutdanning.

Opplysningar om stillinga kan du få ved å ringe rektor på Lidar skule Kjersti Hedalen-Heggset på tlf 91 72 35 53. Det er krav om politiattest ved tilsetting. Søknaden skal sendast elektronisk via www.oystre-slidre.kommune.no – ledige stillingar (arkivsak 19/1224).

 

Søknadsfrist 24. juni 2019