Ledig 80% stilling som arbeidsleiar

Arbeids- og aktivitetsavdelinga har ledig 80% stilling som arbeidsleiar frå 1. september 2019. Stillinga er på Skogprodukt med arbeidstid frå måndag til og med torsdag frå 08.30 – 16.00.

Skogprodukt er ein arbeidsplass for menneske med ulike grader av funksjonshemmingar og bistandsbehov. Vi arbeidar med å selje varer og tenester til den ordinære marknaden, og som arbeidsleiar vil det daglege arbeidet i stor grad innehalde oppfølging av arbeidstakarane og delta i ulike arbeidsoppgåver. Vi produserer og køyrer ut ved, jobbar i skogen, tek på oss ein del serviceoppdrag i form av grasklypping og liknande i sommarhalvåret.

Vi søkjer deg som har god fysikk, praktisk sans, godt humør, gjerne førarkort for liten lastebil og truck, erfaring frå skogsarbeid og som likar å være ute. Du treng ikkje ha utdanning innan helse/sosialfag, men vi vektlegg personleg eignaheit. Stikkord her er tålmodigheit, stabilitet, møte menneske med ulike typar utfordringar på ein positiv og inkluderande måte.

Ynskjeleg med erfaring frå/ kompetanse:

  • Skogsarbeid og vedlikehald av motorsag
  • Sjåfør på lastebil og truck
  • Praktisk anlagt
  • Kundebehandling/salg
  • Tilrettelegging for praktisk produksjon

Som arbeidsleiar vil di viktigaste oppgåve væra å støtte og leggja til rette for arbeidstakarane, slik at dei kan delta i oppgåvene ut i frå sine føresetnader.

Kva kan vi tilby? Ein arbeidsplass med eit godt sosialt fellesskap, meiningsfulle aktivitetar og masse frisk luft.

Spørsmål vedr. stillinga kan rettast til verksemdsleiar for helseavdelinga Knut Sigbjørn Lien på epost: knut.s.lien@oystre-slidre.kommune.no og telefon 90508223 eller til fagleiar Tore Granli tore.granli@oystre-slidre.kommune.no,  tlf. 975 31 190

 

Søknad merka med «arkivsak 19/766» skal sendast elektronisk via våre internettsider: www.oystre-slidre.kommune.no – ledige stillingar.

Søknadsfrist 8. mai 2019