Ledig stilling i psykisk helseteneste

Øystre Slidre kommune har ledig 100% fast stilling i psykisk helseteneste.

Til stillinga er det krav om helse- og sosialfagleg bachelor med relevant vidareutdanning innan psykisk helsearbeid/psykiatrisk sjukepleie eller anna relevant vidareutdanning.   

Vi søkjer ein person som er genuint interessert i å arbeide med psykisk helse. Vi har ein relasjonsbasert tilnærming i samtaler individuelt, med familie og nettverk og i samarbeid med pårørande.  

Du må kunne kartlegge, vurdere og tilrettelegge for behandlingstiltak. Vi samarbeidar med øvrige kommunale tenester og spesialisthelsetenesten som kan innebere å vera koordinator for ansvarsgrupper og individuelle planer.

Du må være engasjert, fleksibel, kunne arbeide sjølvstendig og ha interesse for faglege utfordringar.

Søkjar må ha sertifikat klasse B og kunne stille eigen bil til disposisjon mot kilometergodtgjering. Det er krav om politiattest i stillinga.

Psykisk helseteneste i kommunen er ei teneste i stadig utvikling, det kan difor bli endringar i arbeidsoppgåver.

Nærare opplysningar ved leiar for helseavdelinga Knut Sigbjørn Lien, tlf. 905 08 223 eller ved fagleg leiar Hanne Svendsen, tlf 957 75 680. Søknad merka med ”arkivsak 18/ 2878” skal sendast elektronisk via våre internettsider: www.oystre-slidre.kommune.no – ledige stillingar.

 

Søknadsfrist 2. januar 2019