Ledig stilling som elevassistent ved skuleavdelinga på BHSS

Øystre Slidre kommune har ledig 80% mellombels stilling som elevassistent ved Beitostølen Helsesportsenter f.o.m. 01.08.19 t.o.m. 31.07.20. Skulen på BHSS gjev brukarane i grunnskulealder skuletilbod under opphaldet.

Skulen har elevar frå 1. til 10. klasse og brukergruppa har sammensette behov. Skulen legg til rette undervisninga etter elevane sine behov. Stillinga har komprimert arbeidsår (fylgjer skuleåret).

Personlege eigenskaper og erfaring frå arbeid med elevar med spesielle behov vil bli sterkt vektlagt ved tilsetjing. Det er krav om politiattest.

Opplysningar om stillinga kan du få ved å ringe rektor Kjersti Hedalen-Heggset på tlf 917 23 553.

Søknad merka med arkivsak 19/1009 skal sendast elektronisk via våre heimesider www.oystre-slidre.kommune.no – ledige stillingar.

 

Søknadsfrist 28. mai 2019