Ledig stilling som fagsjukepleiar / saksbehandlar

Øystre Slidre kommune har ledig 100% fast stilling som fagsjukepleiar / saksbehandlar i IHT

Øystre Slidre kommune høyrer til Valdresregionen. Med Beitostølen i kommunen og Jotunheimen som næraste nabo byr området på flotte moglegheiter for fjell og friluftsliv. Vi har gode oppvekstsvilkår med to nye grunnskuler og barnehagar med ledig plass.  Vi har også trivelege buområder med gode moglegheiter for vatn-, frilufts- og kulturaktivitetar.  Tettstadane Fagernes og Leira ligg i nærleiken med moderne handels- og servicesenter samt utdanning på vidaregående nivå og desentraliserte utdanningstilbod på høgskulenivå.

Øystre Slidre kommune har over tid plassert seg godt i kommunebarometeret.  Tal frå 2018 viser at vi er beste valdreskommune og nr. 3 i Oppland fylke. Vi gjer det særleg bra på områda kultur, saksbehandling, pleie og omsorg og grunnskule.  Vi er i prosess med å byggje nytt helsetun som skal stå ferdig i 2020.

teikning helsetunet - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

Vi søkjer etter fagsjukepleiar / saksbehandlar i 100 % stilling.

Stillinga vil vera delt mellom fagansvar i IHT (institusjon- og heimebaserte tenester) og saksbehandling i systemkontoret. Med ein kombinert stilling søkjer vi deg som kan bidra til å leggje til rette for gode pasientforløp, god informasjonsflyt og kompetansemobilisering både i tildelande og utøvande einhet samt mellom einheitane. Som fagsjukepleiar vil du ha ansvar for den faglege oppfølginga i IHT. Stillinga er knytt til turnus ved sjukeheimen. Som saksbehandlar er du ein del av kommunen sitt systemkontor.  Systemkontoret har m.a ansvar for tildeling og koordinering av kommunen sine helse- og omsorgstenester. I systemkontoret har vi m.a. fokus på brukermedverknad, kartlegging, pårørandeinvolvering, samarbeid og fagleg utvikling av våre tilsette. Som fagsjukepleiar / saksbehandlar vil du ha ein unik moglegheit til å medvirke og bidra i prosessen fram imot innflytting i nytt helsetun. Vi håpar du vil bli ein bidragsytar i forhold til vår prosess og vår omgjengelege, humørfylte og engasjerte arbeidsstokk.  

 

Ynskja kvalifikasjonar:

  • Autorisert sjukepleiar. Gjerne med relevant vidareutdanning
  • Relevant praksis frå helse og omsorg, gjerne som fagssjukepleiar eller tidlegare saksbehandling
  • Ha god evne til samarbeid og god kommunikasjon
  • Du må arbeide strukturert og målbevisst og ha evne til å ta ansvar for å kvalitetssikre tenesten i tråd med gjeldande lov og regelverk
  • Ha erfaring og evne til å arbeide tverrfagleg, samt organisere team.
  • God omstillingsevne, løysingsorientert og god veiledningskompetanse
  • Fagleg nysgjerrig, ha evna til å lytte og vera interessert i andre menneske.
  • I både utøvande teneste og systemkontoret treng vi ein handlekraftig person som trivast med mange «baller i lufta».

 

Vi tilbyr:

  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø, med fokus på samarbeid, utvikling og faglegheit
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Lønn etter avtale

 

Organisasjonen er i stadig utvikling.  Den som blir tilsett må vera fleksibel i forhold til endringar i arbeidsoppgåver, samarbeidspartnerar og organisatorisk plassering. Stillinga er av ein slik karakter at personleg eignaheit vil bli sterkt vektlagt ved tilsetjing.

Ved spørsmål kan du ta kontakt med leiar for IHT Gina K. Myreng, tlf 61342880 / 90525192 eller leiar for systemkontoret Mari Nysveen, tlf 61342892.

Søknad merka med ”arkivsaksnr. 18/2858” skal sendast elektronisk via våre internettsider: www.oystre-slidre.kommune.no – ledige stillingar.

 

Søknadsfrist 2. januar 2019