Ledig stilling som økonomisjef - 2. gongs utlysing

Øystre Slidre kommune har ledig stilling som økonomisjef. Stillinga er sentralt plassert i rådmannen sin stab og deltek i kommunen si leiargruppe

Økonomisjefen er leiar for økonomiavdelinga. Økonomisjefen skal sikre god kvalitet i kommunen si økonomistyring og skal gje støtte og råd til tenesteleiarane.

Vi søker etter en entusiastisk, utviklingsorientert og fagleg sterk medarbeidar, gjerne med erfaring frå kommunal sektor. Du må kunne kommunisere godt med leiarar og medarbeidarar i kommunen og medverke til samhandling på tvers i organisasjonen. Personlige eigenskapar vil bli tillagt vekt.

Sentrale arbeidsområde:

  • Leiar for økonomiavdelinga
  • Strategisk rådgjeving og planlegging innan økonomiområdet
  • Budsjett- og økonomiplanarbeid
  • Kraft- og finansforvalting
  • Økonomirapportering og -oppfølging
  • Årsmelding og årsrekneskap
  • Eigedomsskatt
  • Deltaking i interkommunale fora

Det kan bli lagt andre oppgåver av strategisk og utviklingsretta karakter til stillinga.

 

Ønska kvalifikasjonar og utdanningsnivå:

  • Relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå
  • Erfaring med økonomistyring og budsjettarbeid, gjerne frå kommunal sektor
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Erfaring med saksframstilling for politiske utval eller styrande organ
  • Gode IKT-kunnskapar, gjerne innan økonomisystem

     

Personlige egenskaper:

  • Gode analytiske evner
  • Gode samarbeidsevner og leiareigenskapar
  • Serviceinnstilt
  • Utviklings- og løysingsorientert
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og tverrfagleg
  • Strukturert og nøyaktig

     

Vi tilbyr:

  • Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar
  • Lønn etter avtale

 

Ta gjerne kontakt for ei uforpliktande samtale om stillinga med rådmann Jostein Aanestad, tlf. 991 65 935.

Søknad merka med arkivsak 19/2153 skal sendast elektronisk via våre heimesider www.oystre-slidre.kommune.no – ledige stillingar.

 

Søknadsfrist 27. november 2019