Ledig stilling som rektor ved Rogne skule

Frå 01.08.2019 er det ledig stilling som rektor ved Rogne skule.

Rogne skule har 133 elever og 25 engasjerte lærarar og assistentar på 1. til 7. trinn. Rektor har 100% ledelsesressurs.

Om stillinga

Grunnskulane i  Øystre Slidre kommune er organiserte som sjølvstendige einingar med økonomi- og personalansvar. Stabs- og planavdelinga server rektorane på områda løn, personalsaker, økonomi og skuleskyss. Grunnskulane er godt i gang med eit utviklingsprosjekt, skulebasert kompetanseutvikling, i samarbeid med dei andre skulane i Valdres og Høgskulen i Innlandet. Skulen er i tillegg del av eit læringsmiljøprosjekt, støtta av Læringsmiljøsenteret og UDIR.

 

Krav til søkjar

Personlege eigenskapar vert lagt vekt på, og vi søkjer deg som:

  • Er løysings- og utviklingsorientert
  • Kan inspirere, vise omsorg og interesse for den einskilde medarbeidar og elev
  • Har ein open og tydeleg kommunikasjon
  • Arbeider målretta med skuleutvikling
  • Har gode samarbeidsevner

Det er krav om godkjent lærarutdanning. Ved tilsetjing må du levere politiattest etter Opplæringslova §10-9.

 

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Spennande jobb i eit fagmiljø med høg kompetanse

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til kommunalsjef Rolf Stalenget, tlf 90 89 83 21. Søknad skal innehalde CV, kopi av vitnemål og merkast med arkivsaknr. 18/3004, og skal sendast elektronisk via våre internettsider: www.oystre-slidre.kommune.no – ledige stillingar.

 

Søknadsfrist 25. januar 2019