Ledige lærarstillingar i grunnskulen

Øystre Slidre kommune har ledig til saman 6-7 årsverk (heile- og deltidsstillingar, faste stillingar og vikariat) som grunnskulelærar ev. faglærar frå 1. august 2019:   

  • Øystre Slidre ungdomsskule treng lærar som kan undervise i matematikk, naturfag, musikk, kroppsøving, kunst og håndverk, gjerne fleire av desse faga i kombinasjon.
  • Rogne skule og Lidar skule treng allmennlærar / grunnskulelærar 1-7, gjerne med undervisningskompetanse i matte, engelsk, kunst og håndverk.
  • Skulene vil også ha behov for tilkallingsvikarar i løpet av skuleåret, både som lærar og assistent.
  • Ev. andre stillingar – faste og vikariat- som måtte bli ledige i grunnskule/kulturskule.

Vi legg vekt på at dei tilsette kan byggje gode relasjonar både til elevane og foreldra, er tydelege klasseleiarar og brukar digitale verktøy i eiga planlegging og undervisning. Lærarane hos oss tek initiativ og ynskjer å utvikle skulen til det beste for elevane. Vi arbeidar saman i team for å utvikle eit best mogleg arbeidsmiljø. Vi tilbyr våre tilsette vidareutdanning.

 

Opplysningar om stillingane kan du få ved å ringe rektor på Øystre Slidre ungdomsskule, Siv Theodorsen tlf 417 61 631, Rogne skule ved rektor Karianne Loberg tlf 997 34 132 og Lidar skule ved rektor Kjersti Hedalen-Heggset på tlf 917 23 553. I søknaden må ev. ynskje om arbeidsstad og stillingsstorleik kome tydeleg fram. Det er krav om politiattest ved tilsetting.

 

Søknad skal sendast elektronisk via våre heimesider www.oystre-slidre.kommune.no – ledige stillingar, skal innehalde CV, kopi av vitnemål og merkast med arkivsaksnr 19/523.

 

Søknadsfrist 28. mars 2019