Ledige stillingar som fastlege

Fastlegestilling 1

Øystre Slidre kommune lyser ut ledig fastlegestilling med tilhøyrande 35% kommunal stilling som sjukeheimslege. Vidareføring av heimel med 850 pasientar på liste. Legekontoret har fellesliste.

Fastlegestilling 2

Øystre Slidre kommune lyser ut nyoppretta fastlegestilling med 310 pasientar på lista som ein oppstart. Det vil bli tillagt inntil 7,5 timer kommunale oppgåver til stillinga. Aktuelle oppgåver i den kommunale stillingsandelen er knytt til kommunen sin satsing innafor områda rehabilitering, rus og psykiatri. Legekontoret har fellesliste.

Øystre Slidre kommune har om lag 3 200 innbyggjarar, og strekkjer seg frå Jotunheimen i nord, via turistmålet Beitostølen, mot regionsenteret Fagernes i sør. Nærleiken til ein vakker høgfjellsnatur gjev særs gode tilhøve for naturopplevingar og friluftsliv. Kulturlivet er aktivt og variert. Øystre Slidre er ei turistkommune, innbyggartalet blir mangedobla i helger og i høgsesong. Kommunen har eitt legekontor, lokalisert til Heggenes. Legekontoret vart utvida og moderniserte i 2010, og kommunen skal ta i bruk nytt omsorgstun i 2020, lokalisert ved legesenteret på Heggenes.

teikning helsetunet - Klikk for stort bileteteikning helsetunet

Felles for stillingane:

Vi kan tilby:

  • Praksisen er moderne utstyrt og er sentralt plassert i gode lokaler, med 4 legekontor, lab. akuttrom, møterom, samt stort pauserom.
  • Kommunen driftar legetenesta slik at fastlegane ikkje har drift og personalansvar. Som kompensasjon for dette blir det ikkje utbetalt basistilskott, utjamningstilskott eller praksiskompensasjon.
  • Godt innarbeidd legefellesskap med to dyktige kollegaer, begge med over 30 års fartstid som legar i kommunen. Begge er spesialistar i allmennmedisin.
  • Legane bruker CGM Journal, og det er tatt i bruk Melin betalingsautomat for å forenkle og kvalitetssikre eigenbetalinga.
  • Godt arbeidsmiljø med godt utdanna, dyktig og stabilt hjelpepersonell. Det er 5 kommunalt tilsette i til saman 4,5 årsverk.
  • Deltaking i interkommunal legevakt (for alle kommunane i Valdres) på kveld og helg (for tida 18-delt legevakt) i nye og moderne lokale knytt til Valdres lokalmedisinske senter (VLMS) på Fagernes. VLMS vart sett i drift frå 2016. Legevakt på dagtid inngår i kontorsamarbeidet.
  • Kommunen har god barnehagedekning, ganske nye skular og kan tilby hjelp til å skaffe bustad.

 

Kvalifikasjoner:

  • Har norsk autorisasjon som lege.
  • Må oppfylle nye kompetansekrav for legar i allmennpraksis.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Evne og vilje til tverrfagleg samhandling.
  • Gode norskkunnskapar,  både munnleg og skriftleg.
  • Personleg eignaheit blir vektlagt.
  • Tilsetjing føreset godkjent politiattest etter helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
     

For nærare informasjon om stillingane, kontakt leiar for helseavdelinga Knut Sigbjørn Lien, telefon 905 08 223. Spørsmål om kontorsamarbeidet kan rettast til kommuneoverlege Arild Jacobsen, telefon 971 69 268. Vi ber om at du spesifiserer i søknaden om du er søkjar til legestilling 1 eller 2 (ev. begge).

Søknad skal sendast elektronisk via kommunen sine internettsider: www.oystre-slidre.kommune.no (under «Ledige stillingar») og merkast med «Arkivsaksnr. 19/711».

Søknadsfrist: 20. mai 2019