Sumarjobb for ungdom

Øystre Slidre kommune lyser ut sumarjobbar for ungdom i alderen 16-18 år i perioden 22.juni-18.august. P.g.a. ferieavvikling kan stillingane delast av fleire ungdommar.

Sumarjobben omfattar primert drift av kiosk- og friluftsanlegg, med utlån og organisering av utstyr til vassaktivitet på Furustrand. Me ser etter sjølvstendige og serviceinnstilte ungdommar. Spørsmål kring stillingane kan rettast til ungdomskonsulent Øystein Skattebu på tlf 412 22 840.

Søknad merka med «arkivsak 19/764» skal sendast elektronisk via våre internettsider: www.oystre-slidre.kommune.no – ledige stillingar.

Søknadsfrist 15. mai 2019