Meddommarar

Arbeidet med å rekruttere nye meddommarar for neste periode (2021 - 2024) har starta. Du kan melde di interesse ved å fylle ut skjemaet i artikkelen under. Val skal vere gjennomført innan 01.juli 2020. 

Kva er ein meddommar?

Meddommarar speler ei viktig rolle i vårt rettssystem. Det vert ikkje stilt noko krav til den faglege bakgrunnen til ein meddommar, noko som heng saman med prinsippet om at tiltalte skal "dømmast av sine likemenn". Meddommarane deltek på lik linje med fagdommarane, og skal vurdera både om tiltalte er skuldig og kva for straff som eventuelt skal verta gjeve. Ved avgjersla tel røystane til meddommarene like mykje som fagdommarane si røyst.

 

 

Kven kan vere meddommar?

For å vere meddommar for Øystre Slidre kommune må du vere busett i kommunen. Domstollova stiller visse krav til kven som kan verta valt til meddommar. Blant anna må du vera fylt 21 år og vera under 70 år, samt ha røysterett ved kommuneval. Øvre aldersgrense gjeld ikkje for skjønnsmedlemmar.

Det er eit vilkår at du snakkar og forstår norsk. Vidare er det sett krav til at meddommarar er lovlydige. Det vil difor verta utført ei vurdering av vandel av aktuelle kandidatar. I tillegg er det enkelte yrkesgrupper som ikkje kan verta valde som meddommarar.

Ein kan ikkje vere meddommar både i tingretten og i lagmannsretten.

Meir informasjon om det å vere meddommar

www.domstol.no

Meld di interesse

Søk om verv som meddommar

Kontaktinfo

Liv Bodil Tyskeberg Moen
Arkivleiar og politisk sekretær
E-post
Telefon 61 35 25 30