Stortingsval og sametingsval 2021

Valdagen er måndag 13.september. Kvart enkelt kommunestyre kan bestemme at det skal haldast val også søndag 12.september. Kommunestyret i Øystre Slidre har bestemt at det her skal vere todagars val.

Informasjon om valet finn du her

Utsending av valkort

Valkort blir sendt ut digitalt til alle stemmeberettigede som er bosatt innanriks, med unntak av Svalbard og Jan Mayen. Personar som har registrert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller som ikke har oppdatert eller bekreftet kontaktinformasjonen sin i registeret dei siste 18 månadane, vil få valkortet tilsendt på papir. 

 

Manntal

Manntalet viser kven som har røysterett. Det er folkeregisteradressen pr. 30.juni 2021 som avjer i kva for kommune du har røysterett ved valet.

Manntalet er lagt ut til offentleg ettersyn i resepsjonen. Den som meiner at vedkommande sjølv eller nokon annan uriktig er blir innført eller utelatt av mannrtalet, kan krevje at feilen blir retta.

Krav om retting av feil skal vere skriftleg og sendast til Valstyret i Øystre Slidre kommune.

Førehandsrøysting

Du kan førehandsrøyste til Stortings- og sametingsvalet i perioda 10.august - 10.september.

Opningstid for førehandsrøysting på Tingvang er kl.09.00 - 14.00 måndag - fredag.

Les meir om førehandsrøystinga i kommunen i denne artikkelen

Valdagane

I Øystre Slidre er det to-dagars val. Vallokalet er Storsalen på Tingvang, og du kan røyste sundag 12. og måndag 13.september.

  • Sundag 12.september ope vallokale 14.00 - 18.00
  • Måndag 13.september ope vallokale 10.00 - 18.00

På valdagane er det kun mogleg å røyste i den kommunen ein er manntallsført i. 

Smittevern

Me ber om at du tenker smittevern når du oppsøkjer vallokala og tar i vare god handhygiene før og etter røysting. Er du sjuk eller i karantene, skal du ikkje oppsøke dei vanlege vallokala, men ta kontakt med kommunen for å gjere avtale om røysting. Tlf. 61 35 25 00.

Kontaktinfo

Valstyret i Øystre Slidre
E-post
Telefon 61 35 25 00

Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes