Skip Navigation LinksØystre Slidre kommune > Plan > Arealplanar og webkart

Bruk av webkart i samband med arealplaner

I webkartet finn du alle arealplaner, både dei som er rettskraftige og dei som er i offentleg prosess.

Klikk her (PDF, 2 MB) for å sjå instruksjonen nedanfor som pdf-fil med bilder.

  1. Gå inn på www.valdreskart.no
  2. Klikk på Øystre Slidre
  3. Vel «Arealplaner» rett under kommunelogoen i venstremenyen
  4. Reguleringsplan kjem opp som default. Hak av den type plan du vil sjå.

«Gjeldende» er godkjente planar som er rettskraftige

«Under arbeid» er planar som er i prosess

Det er ingen bebyggelsesplanar i ØS kommune

Arealdelen er «kommuneplan».

     5. For å zoome inn mot det området du vil sjå nærare på, har du følgjande muligheiter for søk i venstremenyen:

  1. Plannavn – det held å skrive dei første bokstavane
  2. Planident
  3. Eit vegnamn
  4. Gards- og bruksnummer (Den aktuelle eigedommen blir vist i grønt og eigedomsgrensene blir meir tydelege enn ved bruk av dei andre alternativa)
  5. Eit stadnamn
  6. eller zoom inn mot aktuelt område. Zoom knappen er forstørrelsesglaset i toppmenyen.

Du kan gå tilbake til søk igjen ved å klikke på forstørrelsesglaset i venstremenyen.

Dersom det både finst ein gjeldande reguleringsplan og ein gjeldande kommune(del)plan i det aktuelle området, skal reguleringsplanen vere nyast og gjeld framom kommune(del)planen. Dersom det finst ein plan under arbeid, er det planer om endring.

  1. Klikk i planområdet.
    1. For gjeldande planer vil link til føresegnene dukke opp i venstremenyen. Plankartet og føresegnene er dei juridiske bindande delane av ein plan.
    2. For planar i prosess finn du alle journalførte dokument i venstremenyen, du ser kvar i prosessen planen er, dokumenta er sortert etter tidspunkt i prosessen, og, dersom planen er ute til høyring, finst ein  rubrikk som du kan nytte for å sende innspel til planen.
  2. Klikk på tegnforklaringsrubrikken i venstremenyen for å sjå kva dei ulike fargene og symbola betyr. 

Tips:   Ein del planer, først og fremst kommuneplan og kommunedelplan, har mykje skravur og liner som gjer karta vanskeleg lesbare. Dette kan du slå av og på når du har aktivert tegnforklaringsmenyen.

Problem?

I blant fungerer webkartet dessverre ikkje. Eit alternativ for kun å få opp kart, er då å bruke «geoinnsyn». Du zoomer og panorerer slik du kjenner frå andre kartløysingar på nettet eller  ved hjelp av ikona i toppmenyen. Ulike typar planar får du opp under kartlag i boksen oppe til høgre.

 

Sist endra 26.05.2016
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune