Skip Navigation LinksØystre Slidre > Politikk / val

Politikk og val i Øystre Slidre

Her finn du m.a. møteplan og sakspapir for politiske organ, oversikt over politikarar i kommunestyre, formannskap, nemnder og råd, informasjon om val, og anna relevant informasjon.

I tillegg kan du lese økonomiplandokument og årsmeldingar frå kommunen.

 

Stortings- og sametingsvalet 2017

Valdagen er måndag 11.september. I Øystre Slidre er det todagars val, vi held val også søndag 10.september.

Du kan stemme på førehand frå 1.juli til og med 8.september i kva for kommune som helst. På valdagane må du stemme i heimkommunen din. Det er den kommunen du er registrert i folkeregisteret som busett i den 30.juni 2017.

Ved stortingsvalet er det norske statsborgarar over 18 år som har stemmerett. Det held at veljaren fyller 18 år i løpet av valåret. Veljaren må vere, eller ha vore, registert som busett i Noreg.

Sist endra 08.05.2017
Eksterne lenker
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune