Til lag og organisasjonar som nyttar kommunale bygg til sine aktivitetar.
Grunna korona-pandemien har kommunale bygg vore stengt for det meste av aktivitetar over ei lengre periode. Kommunen ynskjer no å gradvis opne for slik aktivitet forlag/organisasjonar (ikkje private føremål), men på ein måte som ivaretek smittevernet.
Frå og med 1.september vil vi opne for at lag/organisasjonar som ynskjer å drive sin aktivitet i kommunale bygg kan få høve til dette i følgjande lokale:
- Storsalen på Tingvang
- Kaffisalen på Tingvang
- Auditoriet på ØSUS
- Gapahuken
Frå og med 28.september opnar vi også gymsalane på Lidar og Rogne skule. ØSUS sin gymsal blir opna når vedlikehaldsarbeidet som pågår er avslutta.
Det er eit krav at det blir utpeika ein ansvarleg person for aktiviteten som må syte for forsvarleg reinhald av kontaktflater etter bruk, og som fører navnelister over kven som har vore til stades i lokalet til ei kvar tid. Vidare vil den ansvarlege personen måtte ta ansvar for at generelle og spesielle smittevernråd blir fylgd opp.
Kommunen reknar med at det vil vere mange interessentar, vi kan ikkje garantere tilgang til lokalet til tidspunktet ein i utgangspunktet ynskjer.
Frist for å melde interesse er onsdag 23.september kl.12.00. Søknad sendast inn via dette skjemaet.
Det er mogleg å melde seg etter denne fristen. Kommunen vil då tildele lokale så langt det er ledig.
Ved ei eventuell forverring av smittesituasjonen vil vi måtte stenge for aktivitet på kort varsel.