Skip Navigation LinksØystre Slidre > Skjema

Personvernerklæring

Elektronisk lagring av personopplysningar er regulert i lov om behandling av personopplysningar. Vi vil difor fortelje korleis omsynet til personvernet blir behandla i våre elektroniske skjema/skjermdialogar.

 Definisjonar

  • Personopplysning: opplysningar og vurderingar som kan knyttast til einskildperson
  • Behandlingsansvarleg: den som bestemmer føremålet med behandlinga av personopplysningar, og kva hjelpemiddel som skal brukast  
  • Databehandlar: den som behandlar personopplysningar på vegne av den behandlingsansvarlege

Føremålet  med behandlinga av personopplysningar

Opplysningar som du fyller inn vert sendt til behandlingsansvarleg. Opplysningane gjer behandlingsansvarleg i stand til å utføre saksbehandlinga av førespurnaden din. Dei innsamla opplysningane om deg vert behandla på same måte som om du hadde sendt inn eit papirskjema.

Lov om behandling av personvern

Denne personvernerklæringa følgjer føresegnene i Lov om behandling av personvernopplysninger (personopplysingsloven) av 01.01.2001 med tilhøyrande forskrift. 

Personopplysningar

Dersom du føler at personvernet ditt er sikra ved denne erklæringa, kan du samtykke til lagring ved oppretting av ein brukarprofil. Samtykket vert gjeve som godkjenning av våre retningsliner for personvernet og som samtykke for behandlingsmåten av opplysningane.

Lagring av opplysningar

Om du loggar deg på med e-post/ID-porten, kan du når som helst velge å avbryte utfyllinga av skjermdialogen og eventuelt hente den opp att for vidare utfylling seinare. 

Opplysningane du har tasta inn, vil ligge lagra på vår server (drifta av IKT Valdres IKS), og vil ikkje vere tilgjengelege for mottakar i kommunen før du bestemmer deg for å sende inn søknaden. 

Når du har valgt innsending, har du samtidig stadfesta at mottakar kan motta opplysningane. Om du vel å avbryte utfyllinga, vil skjemaet bli mellomlagra på din brukerprofil og må ev. slettast frå sida di av deg sjølv. 

Sikker linje

Alle opplysningar som vert overført mellom di datamaskin og vår server skjer over sikker kryptert linje (SSL). Løysinga tilsvarar tryggleiken som er brukt i nettbankane.

Rett til innsyn og rett til sletting av personopplysninger

Du kan når som helst be om å sjå opplysningane vi har registrert om deg. Dette gjer du ved å ta kontakt pr e-post: webmaster@oystre-slidre.kommune.no.

Dersom du finn opplysningane unøyaktige eller ufullstendige, kan du kreve å få opplysningane sletta. Dersom du har oppretta ein brukarprofil i løysinga, kan du sjølv foreta slik sletting. Dette er jf. Personopplysningslova § 18, og retting etter samme lov § 27 og § 28.

Unnlatt samtykke

Dersom du ikkje samtykker i at personvernet er godt nok ivareteke, vil du ikkje kunne nytte sjølvbeteningsportalen til elektroniske søknadsskjema. Du må då vende deg til kommunen på anna måte.

Aldersgrense

Du stadfestar at du er over 18 år.

Spørsmål?

Dersom du har spørsmål om personvernerklæringa, ta kontakt med kommunen i tlf. 61 35 25 00 eller e-post: webmaster@oystre-slidre.kommune.no

Sist endra 21.03.2013

Skjemakategoriar

Arbeid og rekruttering Natur og miljø
Barn og familie Omsorg, trygd og sosiale tenester
Bustad og eigedom Skjenking/servering
Kultur, idrett og fritid Trafikk, reiser og samfunn
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune