Skip Navigation LinksØystre Slidre > Tenester

Internettkart - Kart-Web

Kart-Web er eit samarbeidsprosjekt mellom dei seks Valdres-kommunane. Kart på internett gjev mange moglegheiter  for innbyggjarane, hytteeigarar og andre interesserte til å kunne finne ulike typar informasjon som ligg i kartet.  

Nokre av dei moglegheitene som er i kartsystemet:

  • Ein kan få opp kart over sin eigedom
  • I dei fleste områda av kommunen finnest det flybilder som ein kan ta opp som eit lag og sjå på
  • Ein kan søke på stadnamn og adresser
  • Har ein tenkt å bygge, kan tenesta brukast til å ta ut situasjonskart over det aktuelle området
  • I søkemoglegheitene ligg det inne en del interessepunkt. Her kan ein på ein enkel måte finne for eksempel kor legekontor, helsestasjon, skole og barnehage ligg i kommunen
  • Dersom ein er interessert i informasjon i ei av nabokommunane, kan ein enkelt gå til nabokommunen si heimeside eller velge den aktuelle kommunen når du er inne på kartsida
  • Kart i 3D

Kartsal

Ved å gå inn på lenka i høgremenyen (under "Vedlegg"), kjem du inn på kommunen sin nettbutikk, der vi legg ut varer og tenester innan området eigedomsinformasjon, kart- og plandata.

For å lesa meir om produkta kan du klikke på varenummeret for det enkelte produkt.                                             

Denne tenesta skal nyttast dersom eigedomsopplysningar eller kart skal sendast som elektronisk dokument. Tenesta er åpen for alle og er tilrettelagt for betaling ved hjelp av kredittkort. 

Tenesta er levert av Norsk Eiendomsinformasjon AS. 

Kontaktinformasjon karttenester
AvdelingNavnTelefonE-post
Plan/bygg og oppmålingArne Nysveen61 35 25 29arne.nysveen@oystre-slidre.kommune.no
Sist endra 21.03.2013
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune