Skip Navigation LinksØystre Slidre > Tenester

Bruk av arealdelen til kommuneplanen

170303 arealdelbilete - Klikk for stort bilete Arealdelen vart vedteken den 26.01.2017. For å sjå planen rår vi til å bruke det digitale kartet. Kartet er å finne under "arealplaner" - "kommuneplan-gjeldende" på www.valdreskart.no. Instruksjon i bruk av kartet finn du her, snarveg til kart-applikasjonen finn du her.

 

Analoge kart og føresegner

Dersom valdreskart fungerer dårleg eller du heller ønskjer å sjå kart som pdf-filer, kan du gå inn på saka til kommunestyret med vedlegg, som du finn her. Den juridisk bindande planen er plankartet og føresegnene. Alle vedlegg som inneheld nemninga "3.. Plankart.." er kart i pdf-format som inneheld delar av det juridisk bindande plankartet. Karta er framstilte temavis (vedlegg 3a-3f) og områdevis (3g-3n). Heile plankartet i pdf med alle tema etter vedtak finn du her. Føresegnene (vedlegg 4) fekk ei lita endring, dei vedtekne føresegnene finn du her.

 

Bakgrunnsstoff og beslutningsgrunnlag

Via kommunestyresaka finn du også bakgrunnsstoff og beslutningsgrunnlag. Måla med planarbeidet går fram av planprogrammet, vedlegg 8. Skildring og hovudtrekka i planen går fram av kap. 1, planskildringa, i vedlegg 6. Vedlegga 5a-5d er samanstilling og vurdering av dei merknadene som kom inn i planprosessen. Vedlegg 6 er planskildring og konsekvensutgreiing. Eignaheitsanalysen i konsekvensutgreiinga er sentral metodikk for utval og lokalisering av nye byggeområde. Vedlegg 6a er konsekvensutgreiing av tiltak på eksisterande bustader og hytter. Vedlegget viser også alle temakart med vurderingsgrunnlag for alle område.

Saksdokumentet til kommunestyret samanstiller historikken rundt prosessen og inneheld linkar til meir bakgrunns- og utdjupingsstoff som sti- og løypeplan, kjerneområde i landbruket mv. Lokalisering av omsorgssenteret i arealdelen vart vedteke i kommunestyret tidlegare, den saka finn du her.

 

Bruk av planen i konkrete saker

Trinn 1 er å finne ut kva arealføremål det aktuelle arealet har i plankartet.

Trinn 2 er å finne ut om det aktuelle arealet er omfatta av ei hensynssone (faresone, infrastruktursone, bestemmelsessone osb) i plankartet. Dette finn ein lettast ut ved å nytte digitalt kart og teiknforklaringsmenyen, jf. rettleiinga her. Merk at bestemmelsessonene (fjellområda) ikkje har skravur, her ser ein berre grensene i plankartet og bør samanstille mot temakartet her.

Trinn 3 er å finne ut kva føresegner som gjeld for det aktuelle arealforemålet. Sjekk både dei spesielle føresegnene for det aktuelle området i underkapitlet og generelle føresegner lenger opp i kapitlet. Dei generelle føresegnene i kapittel 1 må også sjekkast, generelle føresegner gjeld td. innan 30 m-sonen mot faresoner rundt vassdrag.

For dei fleste bustadar og hytter som ikkje ligg i regulerte område gjeld kap.3.3.2 eller 4.2.2 (bustader) eller 3.4.2 eller 4.2.3 (hytter). Utnyttingsgraden er her avhengig av areal. Merk at det er arealet av byggeområdet/LNF-spreidd i planen som skal ligge til grunn, det arealet er ofte mindre enn den aktuelle eigedomen sitt areal. Ver også merksam på bokstavkodene "K" og "H" i plankartet og føresegnene knytt til dei kodene. Nokre få eigedomar har eige namn i plankartet og eigne føresegner.

Trinn 4 er å finne ut kva føresegner som gjeld for eventuelle aktuelle soner. Mange eigedomar er omfatta av infratruktursoner med krav knytt til felles avløpsanlegg. Benevning av aktuell infrastruktursone finn ein enklast via dette temakartet.

 

Betre med ein telefon for mykje enn ein for lite!

Kontakt oss på sentralbordetplanavdelinga eller avdeling for næring og bygg dersom du er usikker. Vi har full forståing for at dette er komplisert. Misforståingar kan i verste fall føre til ulovlege tiltak!

Sist endra 11.08.2017
Tenestestad (1)
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune