Skip Navigation LinksØystre Slidre > Tenester

Furustrand - friluftsområde for alle

Om du bur i kommunen eller er på gjennomreise, legg turen innom Furustrand! Her har kommunen lagt til rette for aktivitetar for heile familien; bading, stuping, sandvolleyball, balleik, kanopadling og grilling.
Fotograf: Ingvar Skattebu
Stupetårn fotograf Ingvar Skattebu
Sommaren 2007 vart det opparbeida ny badevik for dei yngste ungane. Her er vasstanden 40-50 cm og ungane kan leike trygt.

Sommaren 2008 er Furustrand-kiosken leigd ut til private. Kiosken har inga fast opningstid, men vil vere open på dagar med fint ver.

Grillane på området kan nyttast av alle. Ta med eige grillkol.

For meir informasjon, last ned informasjonskartet.

Ha ein triveleg dag på Furustrand!


 
Sist endra 07.02.2013
Tenestestad (1)
Artikkel (1)
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune