Skip Navigation LinksØystre Slidre > Tenester

Øystre Slidre kulturskule

Ynskjer du å spele eit instrument, i band eller korps? Vere med på revy eller synge i kor? Lære dans, teikning eller måling?kulturskule - Klikk for stort bilete  Då bør du søke deg plass på kulturskulen frå hausten. Søknadsfristen er 1.april.

200 elevar som får undervisning hjå oss kvar veke. Vi har instrumentopplæring på tangentinstrument, slagverk, langeleik, hardingfele, fiolin, sang, torader, gitar, bass og gruppeundervisning i kunstfag, dans, teater, band og kor.

Søknadsskjema finn du i høgremenyen.

Kulturskulekor: "Sjarmørkoret" - Klikk for stort bilete

Vi følgjer grunnskulen og har undervisning skjer enkeltvis og i grupper. 

 

Øystre Slidre kulturskule

Vi har eleven i fokus og arbeider både med breidde og topp. Elevane skal i opplæringa oppdage sine kunstneriske evner, lære å bruke og meistre eit instrument eller ein kunstform.

Kulturskulen er ein plass å hente fram  kunst og kulturdimensjonen i livet. Kunst og kultur skapar ei glede som menneske ikkje kan leve forutan. Det handlar om meir enn tangenten, strengen, dansesteget eller penselstrøket. Vi skapar ein prosess hjå menneske. Det å oppleve at ein meistrar noko, fører til blomstring og identitetsbygging.

Vår visjon

ESS

Engasjement

Stolt                Øystre Slidre har eit ess i ermet: Kulturskulen 

Skapande



Våre aktivitetar er:

Instrumentundervisning: Piano, fiolin/cello, keyboard, langeleik, hardingfele, slagverk, treblås, kontrabass, messing, gitar, sang, el-bass, banjo og toradar.

Band: Samspelgrupper blir sett saman av ulike instrument. For elevar som har ein elevplass på sitt instrument.

Revy: For 8., 9. og 10. klasse. Startar opp rett etter haustferien og avsluttar med ei forestilling i mars/april.

Kunstfag: Tilbodet omfattar måling, teikning, tresløyd, keramikk eller andre materiale i bolkar.

Øystre Slidre skulemusikk: Du er velkomen til godt miljø prega av kameratskap og god musikk, seminar og turar.

Barnekor/Ungdomskor: Tilbod til barn og ungdom som er glade i å synge.

Dans: Laus, halling og go'karstykkjo for spreke jenter og gutar.

Dans: Grunnleggande undervisning i jazzdans og ballett, for deg som vil bli kjent med dansen og gleda den gjev. Aldersdelte grupper.

Teater: Aldersdelte grupper arbeider mot ei forestilling. Me lærer kroppsspråk, mimikk og å opptre på ei scene.

Lærarar i kulturskulen

Kulturskulelærar - Klikk for stort bilete

Eivind Dølerud

fiolin, bratsj og cello

Kulturskulelærar - Klikk for stort bilete

Jan Beitohaugen Granli

hardingfele, munnharpe

Gunvor Hegge - Klikk for stort bilete

Gunvor Hegge

langeleik

kulturskule - Klikk for stort bilete

Bente Hemsing

fiolin

 
kunst  kulturskule - Klikk for stort bilete

Hildegunn Spjøtvoll

visuell kunst

kulturskule - Klikk for stort bilete

Knut Sigbjørn Lien

band

logo 2 - Klikk for stort bilete

Marita Hovi

sang

Kulturskulelærar - Klikk for stort bilete

Arne Nygård

band, gitar og bass

Kulturskulelærar - Klikk for stort bilete

Erik Onstad

trekkspel, torader

Kultur - Klikk for stort bilete

Kari Onstad

rektor, kor og teater

Kulturskule - Klikk for stort bilete

Stian Roland

hallingdans

Kulturskulelærar - Klikk for stort bilete

Elisabeth Ruud

dans

kulturskule - Klikk for stort bilete

Svein Erik Sagbråten

sang

Kulturskulelærar - Klikk for stort bilete

Lars Skattebu

piano, keyboard

Kulturskulelærar - Klikk for stort bilete

Øystein Skattebu

slagverk, band

Kontaktinformasjon kulturskulen
Kontaktinformasjon kulturskulen
Tittel/funksjonNamnTelefon 
RektorKari Onstad61 35 25 57Send e-post
(mobiltelefon)996 90 616
Sist endra 09.03.2016
Søknadsskjema (1)
Betalingssatsar (1)
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune