Skip Navigation LinksØystre Slidre > Tenester

Farleg avfall

Beskriving

Kommunen skal sørgje for at det finst mottak der du kan levere farleg avfall. Pass på at emballasjen er tydeleg merka med opplysningar om innhaldet. Farleg avfall er avfall som ikkje kan handterast saman med anna hushaldsavfall fordi det kan føre til alvorleg forureing eller skade på menneske og dyr.

Døme på farleg avfall frå hushald er:

  • Reingjeringsmiddel som inneheld farlege stoff
  • Oppladbare batteri (eiga returordning)
  • Maling, lim, lakk, løysemiddel og sprayboksar som inneheld farlege stoff
  • Materiale som inneheld asbest
  • Isolerglassruter som inneheld PCB (eiga returordningr)
  • Impregnert trevirke
  • Ulike elektroniske og elektriske produkt (eiga returordning) 

Oppdatert

30.11.2015 09:45

Kriterium

Kommunen si plikt avgrensar seg til å ta imot inntil 400 kg totalt per år per avfallseigar. I tillegg har kommunen plikt til å ta imot inntil 500 kg PCB-haldige isolerglassruter per år per avfallseigar.

Målgruppe

Hushald og verksemder med mindre mengder farleg avfall

Pris

For hushald er det gratis å levere farleg avfall. Renovasjonsavgifta dekkjer dette. Verksemder må betale gebyr når avfallet blir levert.

Referansar

Sist endra 05.10.2016
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune