Skip Navigation LinksØystre Slidre > Tenester

Motorferdsel i utmark

Generelt er det forbod mot motorferdsel i utmark og på vassdrag. Forbodet gjeld også islagte vassdrag.

I tillegg til ”Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag” har Øystre Slidre kommune sin eigen forskrift.
Sjå lenker i menyen til høgre.


Innsjøar og vassdrag

På følgjande innsjøer med areal større enn lik 2 km2 er ferdsel med motorfartøy tillate: Vinstervatnet m/øvre Bjørnhølen, Sandvatnet, Olevatnet, Øyangen (Beito), Heggefjorden, og Volbufjorden. På Finnefjorden og Yddin samt innsjøer med areal mindre enn 2 km2 og elver er ferdsel med motorfartøy ikkje tillate. Motorfartøy omfattar fartøy både med forbrenningsmotor og elektrisk motor. Det er fartsgrenser på kvar enkelt vatn, les meir her.
På Volbufjorden og den del av Øyangen som ligg i Øystre Slidre sør for ei rett linje vestover frå Houganeset er det tillate med inntil 40 HK motor etter søknad ved bruk til vannsport.

Motorferdsel på vinterføre

Transportbehovet skal primært dekkjast via leigekjøring. Løyve tildelast innabygdsbuande som helst kombinerer slik transport med transport som er direkte heimla i lov eller forskrift.
Løyve for leigekjøring tildelast for ei periode på 4 år, og kjøring skal skje etter nærare fastsette vilkår. Ved brot på fastsette vilkår kan løyvet inndragast.

Søknadskjema for motorferdsel i utmark finn du i menyen til høgre under punktet "skjema".

 

Sist endra 22.12.2014
Tenestestad (1)
Generell informasjon (1)
Artikkel (1)
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune